Ledig stilling som vikar for lærar ved Sand skule

Stilling
Ledig stilling som vikar for lærar ved Sand skule
Lokasjon
Sand
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Det er ledig 100 % vikariat for lærar på barnetrinnet frå og med snarast til og med 31.07.2027

Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-10. trinn.

Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.

Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

 Arbeidsoppgåver

  • Me søkjer etter lærarar på barnetrinnet med kompetanse innan norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
  • Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.

 Personlege eigenskapar

  • vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
  • vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
  • vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling.
  • har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter