Suldal kommune Sand skule
Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.