Fagarbeidar

Stilling
Fagarbeidar
Lokasjon
Ål
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Sando barnehage legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.  

Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.   

No har me eit 100 % vikariat ledig i Sando barnehage i perioden 01.01.27 - 31.12.27.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. 
  • Eventuelt anna relevant utdanning / erfaring. 

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna. 
  • Trivst i lag med små barn 
  • Er utadvent og trygg på deg sjølv.
  • Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform. 

Vi tilbyr 

  • Barnehagar med eit god fagleg miljø. 
  • Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer. 
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale. 
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning. 

Velkomen som søkjar! 


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter