Ål kommune Sando barnehage
Ål kommune har ein desentralisert barnehagestruktur med både små og litt større barnehagar. Sando barnehage er ein godt etablert to avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar vi å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek vi med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.