Vil du vere med å bygge framtidas ventilasjonsfirma?
Hjå Went Air Solutionshandlar jobben ikkje berre om ventilasjon. Det handlar om å forstå korleis alt heng saman -- luft, varme, kjøling, energi og menneske. Me ser etter ein som vil vere med og forme eit firma som gjer ting på sin eigen måte, der fagkunnskap tel, men engasjement og ansvar tel minst like mykje.
Hjå oss blir ikkje eit prosjekt stykka opp og sendt vidare mellom avdelingar. Du følgjer det heile vegen, og det er difor rolla er så brei. Nokre dagar gjer du energivurderingar av tekniske anlegg og bygg, eller sit med energimerking og finn ut kvar energien forsvinn. Andre dagar prosjekterer du eit nytt ventilasjonsanlegg, eller køyrer prosjektleiinga på eit nybygg eller ein rehab. Så er det byggjemøte rundt om, oppfølging ute hjå kunden, ein prat om energieffektivisering som endar i eit sal, og innimellom ei igangkøyring eller eit serviceoppdrag når det trengst.
Det blir aldri heilt likt frå veke til veke, og det passar ikkje for alle. Er du av den sorten som blir uroleg av å gjere det same om og om igjen, då trur me du kjem til å like deg her. Du får følgje eit bygg frå den første skissa til anlegget står ferdig innregulert, og det er det ikkje så mange som får.
Kva du faktisk gjer, kjem heilt an på kven du er. Om du har fagbrev eller ingeniørutdanning, og bakgrunn frå automasjon, VVS, røyr, varme eller kjøleanlegg, er det ein stor fordel. Men det viktigaste er at du ser heilskapen -- korleis alt påverkar kvarandre, og korleis små grep gjer store skilnader.
Me har kontor på Vikjo, midt i Stord sentrum, men prosjekta våre kan vere over heile landet. Arbeidsdagen er fleksibel. Me er opptekne av at jobben blir gjord skikkeleg, ikkje av at du sit på kontoret til klokka er fire, og blir du ferdig før, er tida di eiga. Me trur på tillit, ansvar og utvikling, og du får den fridomen du fortener.
Me vil høyre frå deg som kjenner deg igjen i dette. Send eit enkelt hei til hei@went.no, så tek me ein prat.
Kanskje er du den som hjelper oss å byggje framtidas ventilasjonsfirma -- bit for bit, prosjekt for prosjekt.
For den rette kandidaten kan kontorplass vurderast både i Bergen og andre stader på Vestlandet. For den rette kandidaten kan kontorplass vurderast både i Bergen og andre stadar på Vestlandet.