Rådgjevar med sals- og kontoransvar på Voss Sparebank sitt kontor i Odda

Stilling
Rådgjevar med sals- og kontoransvar
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
19. okt.
Få påminnelse
7 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar som vil få utvida ansvar som sals- og kontoransvarleg. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.

Om stillinga

I denne stillinga vil du få ei sentral rolle i oppstarten og den vidare utviklinga av Voss Sparebank sitt kontor i Odda. På dette kontoret vil du og ein rådgjevar vera med frå starten av. Stillinga di vil vera å rådgje kundane innan kreditt, forsikring og sparing, og ha eit ansvar for å byggja Voss Sparebank si kundeportefølje i regionen. Du rapporterer til leiinga i Voss Sparebank og vil ha stor påverknad på korleis kontoret utviklar seg.

Ansvarsområde

  • Arbeida proaktivt for å få nye låne- og forsikringskundar.
  • Ansvarleg for å koordinere den daglege drifta av Odda-kontoret.
  • Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.
  • Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.
  • Representere verksemda i regionen og bidra til positiv merksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • God kjennskap til Odda og regionen.
  • Erfaring frå tilsvarande rolle i bank.
  • Sterk relasjonsbyggjar med evne til å skape tillit og opne dører.
  • Me ynskjer at du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
  • God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
  • Du bur i Odda eller nærliggjande område, eller ynskjer å flytte her.
  • Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.

Me tilbyr

  • Høve til å setje ditt preg på utviklinga av Odda-kontoret og Voss Sparebank i heile regionen.
  • Arbeidsplass i eit nyrenovert og historisk bygg midt i Odda sentrum.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Mange gode kollegar i Voss Sparebank.

Oppstart og tilsetjing

Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.

Søknad

Er du den me leitar etter? Send inn din søknad saman med CV så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg. Har du nokre spørsmål, kontakt ansvarleg rekrutterar André Bjørkhaug på tlf. 911 79 813 / andre.bjorkhaug@randstad.no

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter