Spesialist i allmennmedisin 100 %
Voss herad søkjer fastlege: Spesialist i allmennmedisin 100 %
Er du spesialist i allmennmedisin og på utkikk etter nye moglegheiter?
Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor. Tenesta er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Det er stort fokus på kvalitet, effektiv drift og at pasienten er i sentrum.
Om arbeidsstaden:
Voss legekontor er eit kommunalt fastlegekontor med 7 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 5 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Fastlegane ved legekontoret deltek i rotasjon på daglegevakt, som er lokalisert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Dette gjev eit godt tverrfagleg fagmiljø. Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd, Voss legekontor har fleire legar i ALIS stillingar.
Voss herad er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta held til i same lokale som daglegevakta og er eit samarbeid mellom Voss, Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam.
Journalsystemet WebMed er nytta både på legekontoret og på legevakta.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
- Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
- Deltaking i kommunale oppgåver og interkommunal legevakt.
Me tilbyr:
- Listelengde etter avtale
- Tilpassa arbeidskvardag ut i frå kommunale oppgåver
- Økonomiske vilkår: Konkurransedyktige vilkår (fastløn og insentiv).
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
Spesialist i allmennmedisin
- Norsk autorisasjon som lege
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Du må ha rett til å mota trygderefusjon
- Er sjølvstendig og løysningsorientert
- Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her