Helsefagarbeidar natt
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen
Fylgjande er ledig:
- 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt, 3.kvar helg med 3 hinkehelger.
Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje.
Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
- Heilheitleg pleie og omsorg
- Helsefaglege oppgåver
- Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
- Primærkontaktoppgåve
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim
- Vernepleiar
- Sjukepleiar
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer:
- Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
- Ein ny god kollega
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her