Leiar forvaltningsavdelinga
Vil du vera med og utvikla framtidas kommune?
Voss herad søkjer ein leiar som kan kombinera forståing for lov- og regelverk med digital utvikling og nye arbeidsmåtar. Du får ansvar for byggesak, landbruk, oppmåling og tilskotsordningar, på same tid som du skal driva fram modernisering av tenestene våre.
Som leiar for forvaltningsavdelinga får du økonomi-, personal- og utviklingsansvar for avdelinga sine tenesteområde. Avdelinga er nyoppretta, har 12 tilsette og avdelingsleiar inngår i kommunalsjef si leiargruppe.
Stillinga er for deg som trivst med både fagleg leiing, endringsarbeid og samarbeid, og som ser moglegheiter i korleis teknologi og kunstig intelligens kan bidra til å effektivisera arbeidsprosessar og tenester.
Dine viktigaste oppgåver
- Leia og utvikla forvaltningsavdelinga
- Sikra god sakshandsaming og rett bruk av lovverk
- Utvikla digitalisering og arbeidsprosessar
- Ta i bruk nye digitale verktøy og KI på ein trygg og effektiv måte
Me ser etter deg som
- Har relevant høgare utdanning
- Har interesse for, og røynsle med, digitalisering og bruk av KI
- Har erfaring frå forvaltning, leiing eller utviklingsarbeid
- Forstår samanhengen mellom fag, regelverk og teknologi
- Er ein utviklingsorientert og tillitsskapande leiar
Me tilbyr
- Ei strategisk viktig leiarstilling
- Moglegheit til å påverka framtidas kommune
- Eit sterkt og støttande fagmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, konferansar og fagleg oppdatering
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og utvikla framtidas kommune?
I Voss herad får du kombinera leiarskap, samfunnsoppdrag og teknologi. Me ser etter deg som vil gjera ein forskjell, både for medarbeidarane dine og for innbyggjarane våre. Velkomen som søkjar.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her