Vikariat i Evanger og Bolstad barnehagar
Evanger barnehage og Bolstad barnehage søkjer etter ein engasjert fagarbeider/assistent med eit stort hjarte for born. Stillinga vil delast mellom dei to barnehagane ut i frå behov. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Tidsrom for vikariatet:
- Frå 01.12.2026 til 31.07.2027
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
- gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk
Arbeidsoppgåver
- utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
- sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
- være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- fagbrev Barne- ungdomsarbeidar
- anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
Me ynskjer
- målretta og fleksibel
- som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
- varm og grensesetjande
- sjølvstendig og strukturert med god gjennomføringsevne
- at borna skal møta engasjerte, kompetente og trygge tilsette som kan gje barna ein god barndom
- at du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- deg som evne og har vilje til å samarbeid, samstundes kan jobba sjølvstendig
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Informasjon om barnehagane:
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Her er 14 barn i alderen 1 – 5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her