Evanger barnehage søkjer barnehagelærar
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Me tilbyr
- rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad.
- årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
- gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk
Arbeidsoppgåver
- planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
- utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
- vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
- sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
- være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- andre søkjarar kan bli vurdert
Me ynskjer deg som
- er målretta og fleksibel
- som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
- er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- er varm og grensesetjande
- er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Informasjon om barnehagen:
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her