Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?
Assistent i 80 % fast stilling – Sone vest
Er du glad i å arbeide med menneske og ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg.Sone vest søkjer ein engasjert assistent som vil bidra til at brukarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim. Hos oss får du ein variert kvardag med praktiske oppgåver, brukaroppfølging og samarbeid med dyktige kollegaer.
Om arbeidsplassen
Heimetenesta i Område vest har base på Voss sjukeheim og yter tenester til heimebuande i området frå Vosso til Bolstadøyri. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å skape gode og trygge tenester for brukarane våre.
Arbeidsoppgåver
Som assistent vil du mellom anna:
- Gje praktisk hjelp og utføre reinhald i heimen til brukarane
- Hjelpe til med mattilbereding og tilrettelegging av måltid
- Utarbeide handlelister i samarbeid med brukar
- Hjelpe til med stell og pleie i eigen heim
- Dele ut medikament etter opplæring og gjennomført medisinkurs
- Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar
- Samarbeide tverrfagleg med kollegaer og andre tenester
- Bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar for brukarane
- Arbeide kvar tredje helg
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som:
- Er positiv, engasjert og omsorgsfull
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
- Har eit genuint ønskje om å hjelpe andre
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B, eller vere under opplæring. Søkjarar utan førarkort kan òg bli vurderte dersom dei er i gang med føraropplæring.
- Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling
- Eit godt arbeidsmiljø med fagleg støtte og rettleiing
- Gode moglegheiter for læring og utvikling
- Grundig opplæring
- Årsturnus som gir føreseielegheit
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk
Bli med på laget vårt!
Hos oss får du høve til å gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske som treng støtte og hjelp i eigen heim.
Velkomen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her