Gullfjordungen skule
2 stillingar i 80 % vikariat som fagarbeidar/assistent ved Gullfjordungen skule 01.01.2027-31.07.2027
Kompetansekrav i forhold til lysing:
- Fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert
Personlege eigenskapar
- Me søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse.
- Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.
- Arbeide strukturert og løysingsorientert
- Ha godt humør
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er fordelt mellom skule og SFO. I skuletida arbeider ein i heil klasse, der ein ofte vil ivareta elevar som treng oppfylging. I SFO-tida tilrettelegg ein for gode aktivitetar, og gjer arbeidsoppgåver som trengs for å drifte SFO. Stillinga innebefattar arbeid i utvida SFO. Det er i tidsromma haustferie, 1-2 dagar før jul, vinterferie, veker etter skuleslutt og før skulestart.
Om avdelinga:
Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 153 born og 25 tilsette. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og "gamleskulen" der SFO held til. SFO er fordelt i to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her