Ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar

Stilling
Sjukepleiar/vernepleiar
Lokasjon
Voss
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. nov.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Voss DPS NKS Bjørkeli har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved døgnavdelinga. Døgnavdelinga har årsturnus, med langvakter i helger.

Oppstartsdato etter nærare avtale.

Om døgnavdelinga

Døgnavdelinga ligg i 3. etasje i bygg 1, Bjørkelivegen 27, og har plass til 12 pasientar, der éin plass er reservert for brukarstyrt innlegging.

Avdelinga har eit tverrfagleg behandlarteam beståande av:
  • Overlege/psykiater

  • Lege i spesialisering

  • Psykologspesialist

  • Psykolog

  • Sosionom

Miljøpersonalet består av:
  • Sjukepleiarar

  • Vernepleiarar

  • Hjelpepleiarar

  • Aktivitetsleiar

Fleirtalet av dei tilsette har vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, og fleire har også vidareutdanning i kognitiv terapi.

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar

  • Fordel med vidareutdanning eller relevant erfaring

  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar.

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team.

  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel.

  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar.

  • Du er tolmodig, nysgjerrig og utholdande i krevjande og komplekse saker.

  • Du har auge for det beste for dei rundt deg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Me tilbyr
  • Løn etter avtale.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

  • Moderne lokale.

  • Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert).

  • Jamnlege sosiale arrangement.

  • Høgt fagleg nivå.

  • Fagleg og personleg utvikling.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter