Seksjonsleiar ved kortidsseksjonen, Volda Omsorgssenter
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas helse- og omsorgstenester?
Vi søkjer etter deg som vil leie den spennande og mangfaldige korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter.
Korttidseksjonen er Volda kommune sitt pulserande knutepunkt for heilskapleg pasientbehandling. Tilbodet omfattar både ordinære korttidsplassar og øyeblikkeleg hjelp. Vi har eit breitt fagmiljø, og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, lege, heimetenester, sjukehus og forvaltingskontor.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av seksjonen og kombinere leiing og administrative oppgåver med direkte tenesteyting.
Dette er ei stilling for deg som brenn for høg kvalitet i tenestene, trivast i dialog med ulike faggrupper – og likar å tenke både drift og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drifta i seksjonen
- Dagleg ansvar for personale
- Medansvar for budsjett og økonomi
- Medansvar for utvikling- og endringsprosessar
- Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for eit godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
- Fagansvar for seksjonen, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet
- Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og seksjonsleiarar i institusjonstenesta
Volda kommune har starta arbeidet med å etablere heiltidskultur og har siste året vore deltakar i det nasjonale Tørn nettverket.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
- Du må oppgi HPR -nr i søknaden
- Leiarerfaring er ønskjeleg
- Erfaring frå kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta
- God forståing for økonomi, drift og kvalitetsarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til relevante fagsystem
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Det skal leggast fram politiattest før oppstart i stillinga
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er ein synleg og trygg leiar
- Har gode samarbeidsevner og byggjer tillit
- Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig
- Motiverer medarbeidarar og skapar engasjement
- Har interesse for utvikling, innovasjon og kvalitetsforbetring
- Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE
Vi ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Dyktige og engasjerte medarbeidarar
Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene
Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingslleiar Institusjonstenester, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noArbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5211004962
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.12.2026