Sakshandsamar ved forvaltningskontoret, vikariat 100%
Stilling
Sakshandsamar ved Forvaltningskontoret, vikariat 100%
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Forvaltningskontoret har ledig eit vikariat i 100 % stilling i eit år med moglegheit for forlenging.
Forvaltningskontoret har ei sentral rolle i sakshandsaming og vedtaksfatting etter helse- og omsorgstenestelova. Vi tildeler tenester med utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming, der førebygging og den enkelte brukaren sine eigne ressursar står sentralt.
Vi ønskjer å bidra til at innbyggjarane i kommunen kan meistre kvardagen sin, vere mest mogleg sjølvhjelpne og bu heime så lenge som mogleg. Ressurskartlegging, brukarmedverknad og kvardagsrehabilitering er sentrale arbeidsområde ved kontoret.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter gjeldande lov- og rammeverk, for eksempel søknadar om korttids- og langtidsopphald, helsetenester i heim, praktisk bistand, omsorgsløn, avlastning m.m.
- Handsaming av e-link frå sjukehus, fastlegar og andre spesialisthelsetenester
- Samhandling med andre instansar, både internt og eksternt.
- Samarbeide tett med pasient/brukar, pårørande og tenesteytarar
- Handtering av meldingsflyt mellom kommune og helseføretak.
- Delta på samarbeidsmøter, gjennomføre vurderingsbesøk,
- Bidra til utvikling av tenestetilbodet.
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig bachelorutdanning er ønskjeleg, men helsefagleg utdanning kombinert med lang erfaring frå helse- og omsorgstenestene kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå kommunale tenestetilbod, offentleg forvaltning og sakshandsaming.
- God kjennskap til helse- og omsorgssektoren, samt helseføretaka sine oppgåver og ansvarsområde.
- Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
- Gode digitale ferdigheiter og det er ein fordel med god kjennskap til Gerica.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du evnar å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag og har stor arbeidskapasitet.
- Du er god på samarbeid og har blikk for heilskaplege og tverrfaglege løysingar.
- Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og vere fleksibel og kreativ.
Vi tilbyr
- Godt fag- og arbeidsmiljø
- Fleksitid
- Løn etter gjaldande tariff.
Kontaktinformasjon
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5211837199
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktpersoner
Elin Høydal Vatne
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.