Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?

Stilling
Personal- og organisasjonssjef
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef.
Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.
Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi
  • drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde
  • styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø
  • vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål
  • leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet
  • ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice
  • vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll
  • ivareta og utvikle partssamarbeidet
  • bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap

Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande
  • leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon
  • solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk
  • god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett
  • god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen
  • tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar
  • evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring
  • er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar
  • byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid og open kommunikasjon
  • har høg gjennomføringsevne og evnar å skape resultat saman med andre
  • har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • ei sentral og strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft
  • høve til å forme og utvikle organisasjonen
  • tett samarbeid med kommunedirektøren og kommunen si leiargruppe
  • eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og engasjement
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter avtale

Volda kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.

Kontaktinformasjon

Rune Sjurgard, Kommunedirektør, 90053752, rune.sjurgard@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Personal og organisasjon

Referansenr.: 5187658060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter