Miljøterapeut i Rustenesta 

Stilling
Miljøterapeut
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi har ledig eit vikariat  som miljøterapeut i Rustenesta, i 50% stilling frå 01.01.27 - 31.12.27

Arbeidet er på dagtid, med flexitid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap


Arbeidsoppgåver

Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene.

  • Individuell oppfølging med fokus på mestring, endring og utvikling.  
  • Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtaler/møter og behandling. Psykososiale tiltak- strukturering i kvardagen
  • Bistå i henvisning til spesialisthelsetenesta og ulike behandlingsforløp
  • Veiledning av pårørande
  • Koordinere og samarbeide med pårørande, fastlege, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle aktørar
  • Delta i endrings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om relevant bachelorgrad; fortrinnsvis sjukepleie og vernepleie, sosionom eller barnevernspedagog
  • Søkjarar med vidareutdanning innan fagfeltet og erfaring frå tilsvarande arbeid kan bli prioritert
  • Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort (klasse B) er eit krav
  • Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verkty

Personlege eigenskapar

Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg.

  • Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar. 
  • Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollega.
  • Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert og tileigne seg ny fagleg kunnskap.
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta ut frå brukarane sitt behov.
  • Personlege eigenskapar vil verte avgjerande for kven som blir tilsett

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning. 

Kontaktinformasjon

Gunnhild Ringset Kolås, Seksjonsleiar, 48897584, gunnhild.ringset.kolas@volda.kommune.no
Malene Rovde, Avdelingsleiar, 99011980, malene.rovde@volda.kommun.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5204992068
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter