100% Miljøterapeut stilling, Blåbærhaugen
Stilling
100% Miljøterapeut, Blåbærhaugen
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting og dagsenter for personar med utviklingshemning. Blåbærhaugen er kommunen si avlasting for mennesker med funksjonsnedsettingar som bur heime. Føremålet er å gje pårørande nødvendig kvile og fritid. Samstundes leggje til rette for at brukarane får gode opplevingar, utvikling og ein meiningsfull fritid i trygge omgjevnader.
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Vi har 1 stk. 100% miljøterapeut stilling ledig på barneavlasting/barnebustaden.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøterapeutisk arbeid med den enkelte brukar
- Delta i daglege aktivitetar med brukarane
- Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
- Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
- Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
- Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
- Samarbeide med foreldre og andre instansar
- Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
- Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
- Som vernepleiar vil ein ha ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar
- Vere ein del av eit team med miljøterapeutar som jobbar i samansette helse- og omsorgsstenster
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog
- Andre med helse- og sosialfagleg utdanning kan søke også
- Erfaringfrå målretta miljøterapautisk arbeid med personar i målgruppa er ein fordel
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
- Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
- Kjennskap til teiknspråk er ønskeleg
- Førarkort klasse B for manuell gir
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- IKT ferdigheiter
- Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
- Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
- Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
- Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
- Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
- Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
- Tilgang på elæringskurs frå Glup
- Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre som ein samarbeider med rundt felles brukarar
Kontaktinformasjon
Vilde Nilsvik, Seksjonsleiar Blåbærhaugen, 96048363, vilde.nilsvik@volda.kommune.noReidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 16102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5211102549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktpersoner
Reidun Elisabeth Sandnes
Avdelingsleiar bu og habilitering
Vilde Nilsvik
Seksjonsleiar Blåbærhaugen
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.