Vil du leie reiselivet i Sognefjorden?
Sognefjorden er eit reisemål i verdsklasse. Her finn du fjordar, brear, fjell, levande bygder og opplevingar som trekkjer reisande frå heile verda.
Regionen har eit stort potensial for auka heilårsturisme og lokal verdiskaping. Sognefjorden er ikkje berre eit av Noregs sterkaste reiselivsmerke, det er òg ei av dei mest ettertrakta naturopplevingane i verda.
No søkjer vi deg som vil ta Sognefjorden inn i neste kapittel: frå sesongturisme til heilårsarbeidsplassar, frå potensial til resultat.Dette er ein jobb for deg som vil byggje vidare på eit sterkt fundament, og som ønskjer å skape utvikling, ikkje berre forvalte det som allereie finst.
Om stillingaSom reiselivssjef er du dagleg leiar for Visit Sognefjord AS, med ansvar for strategi, drift, økonomi, folk og resultat.
Du rapporterer til styret, men eig gjennomføringa, mellom anna av Masterplan for reisemålet Sogn mot 2030.
Du skal samle reiselivsbedrifter, sju kommunar og ei rekkje andre aktørar om ei felles retning. Du blir òg ein viktig representant og talsperson for Sognefjorden, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsstad er fleksibel innanfor Sognefjordregionen. Vi ønskjer ein reiselivssjef som er tett på reiselivet, medlemsbedriftene og kommunane, og som er til stades og synleg i regionen.
Dine viktigaste ansvarsområde blir:-
Leie og forme retninga til selskapet, strategi, økonomi og resultat
-
Drive Masterplan Sogn 2030 framover, samle næring og kommunar
-
Byggje ein sterkare forretningsmodell: partnarverdi, finansiering, marknad og sal
-
Leie arbeidet med berekraft, besøksforvaltning og fleire heilårsarbeidsplassar
-
Ha ansvar for merkevare, marknadsføring, sal, presse og internasjonal posisjonering
-
Representere Sognefjorden regionalt, nasjonalt og internasjonalt
-
Er ein trygg og samlande leiar med kommersielt blikk, som held strategisk kurs og samstundes får ting gjort
-
Forstår samspelet mellom næringsliv, politikk og lokalsamfunn, og evnar å få ulike interesser til å dra i same retning
-
Er strukturert på økonomi og ressursar, men modig nok til å prioritere og ta val når det trengst
-
Er ein tydeleg og engasjerande formidlar som folk lyttar til
-
Har sterk gjennomføringskraft og trivst med å skape resultat saman med andre
-
Relevant høgare utdanning, eller solid leiarerfaring som kompenserer
-
Dokumenterte resultat frå leiing med ansvar for strategi, økonomi og folk
-
Erfaring med å omsetje ambisjonar til konkrete resultat
-
God forretningsforståing og erfaring frå samarbeid mellom privat og offentleg sektor
-
Flytande norsk og engelsk; nynorsk-kompetanse er eit pluss
-
Erfaring frå reiseliv, reisemålsutvikling eller medlemsorganisasjonar er ein fordel
-
Viktigast er likevel god leiing, sterk gjennomføringskraft og resultat skapt saman med andre
-
Ei sentral leiarrolle i utviklinga av ein av Noregs mest kjende reiselivsdestinasjonar
-
Moglegheit til å påverke utviklinga av ein heil region, med mål om auka heilårsturisme og lokal verdiskaping
-
Ei variert rolle i skjeringspunktet mellom reiseliv, næringsutvikling, marknadsføring og samfunnsutvikling
-
Eit sterkt nettverk av reiselivsbedrifter, kommunar og samarbeidspartnarar
-
Konkurransedyktige vilkår
Då vil vi gjerne høyre frå deg.