Etablert
2022
Hovedkontor
Eidfjord

VISIT EIDFJORD KF

Visit Eidfjord KF er eit kommunalt føretak, heileigd av Eidfjord kommune. Føretaket har ansvar for drift av cruisehamn, turistinformasjon, marknadsføring og destinasjonsutvikling, og er ein sentral aktør i kommunen. Verksemda har fire faste årsverk, supplerte med sesongtilsette på cruisekaia og turistkontoret. Eidfjord er ein av dei viktigaste reiselivskommunane på Vestlandet. Med Vøringsfossen, Hardangervidda og Hardangerfjorden som næraste naboar har destinasjonen nokre av dei sterkaste natur- og opplevingstilboda i landet. Cruisetrafikken er ei viktig berebjelke, og i 2025 vitja over 175 000 cruisegjester Eidfjord. Visit Eidfjord arbeider for å utvikle Eidfjord som ein heilårsdestinasjon, der reiselivet skaper varige verdiar for lokalsamfunnet. Føretaket er sertifisert som Miljøfyrtårn, og berekraft, vertskap og samarbeid på tvers av verdikjeda står sentralt i arbeidet.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter