Vernepleiar - 100 % fast stilling

Stilling
Vernepleiar - 100 % fast stilling
Lokasjon
NORGE
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
05. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hos oss får du mentor, fagleg utvikling og ein jobb som betyr noko!

Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape gode og meiningsfulle dagar for menneske med ulike funksjonsnedsettingar.

Er du nyutdanna, eller har du nokre års erfaring skal du ikkje stå åleine hos oss. Som nytilsett får du ein eigen mentor som følgjer deg opp gjennom det fyrste året. Du får støtte, rettleiing og tid til å bli trygg i rolla, slik at du kan utvikle deg fagleg og kjenne meistring i arbeidskvardagen

Me legg til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving, tilbyr turnus med arbeid kvar fjerde helg, og eit årleg rekrutteringstillegg på kr 48 000 for vernepleierar i 100% stilling.

Svingen og Reini er moderne bufellesskap med gode fellesareal både ute og inne. Her bur det til saman 15 bebuerar med ulike behov for støtte og oppfølging, Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø der kollegaer samarbeider for å skape gode tenester og meiningsfulle kvardagar for den enkelte.

Me er opptekne av fag, samarbeid og bruk av velferdsteknologi. Samstundes legg me vekt på å ta vare på kvarandre, og du vil møte engasjerte kollegaer som deler kunnskap, erfaringar og godt humør

Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og meiningsfull. Du får høve til å bruke både fagkompetansen din og eigne styrkar til  å bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet for bebuarane våre.


Vil du ha ein jobb der du lærer mykje, får gode folk rundt deg og kjenner at det du gjer betyr noko? Då håpar me du søkjer!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta miljøterapeutisk for å styrkje meistring, sjølvstende og livskvalitet.
  • Følgje opp bebuarane si psykiske og fysiske helse.
  • Samarbeide tett med pårørande, verje og andre fagpersonar.
  • Koordinere tenester og bidra til god samhandling rundt den enkelte bebuaren.
  • Utarbeide, følgje opp og evaluere vedtak og tiltak.
  • Ha ansvarsvaktfunksjon.
  • Rettleie kollegaer og bidra til fagleg utvikling i personalgruppa.
  • Delta i legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning er også velkomne til å søkje.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B. 

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg i møte med menneske, byggjer gode relasjonar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Du tek ansvar og arbeider strukturert.
  • Du samarbeider godt med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling og gode tenester.

Vi tilbyr

  • Me har lokal avlønning over KS garantiløn + rekrutteringstillegg på kr 48.000 for vernepleierar i 100% stilling
  • Mentorordning gjennom det første året med oppfølging, rettleiing og støtte frå ein erfaren kollega.
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving.
  • Moglegheit for sletting av studielån dersom du bur i Vinje kommune. Les meir på lanekassen.no
  • Engasjerte kollegaer som ynskjer at du skal lykkast.
  • Turnus med arbeid kvar fjerde helg.
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunale anlegg.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort og moglegheit til å vinne flotte premiar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninga.

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890  Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5195119034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 05.11.2026

Kontaktpersoner
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter