Utbyggingsleiar

Stilling
Utbyggingsleiar
Lokasjon
Vinje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.

Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.

Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere kommunale bygge- og anleggsprosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.
  • Vere byggherre sin representant i gjennomføringa av prosjekt. 
  • Planlegge og fylgje opp prosjekt i høve framdrift, økonomi, kvalitet og HMS.
  • Utarbeide og fylgje opp konkurransegrunnlag, anbod og kontrakter i tråd med gjeldande regelverk. 
  • Leie og koordinere prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjeverar, brukarar og andre relevante aktørar.
  • Utarbeiding av politiske saker, og rapportering til administrativ og politisk leiing.
  • Delta i budsjett- og økonomiplanarbeid knytt til investeringsprosjekt.
  • Delta i utvikling og oppfølging av kommunen si investeringsportefølje.
  • Oppgåver knytt til drift og forvaltning innanfor tenesteområda kan òg inngå i stillinga. 

Kvalifikasjonar

  • Ingeniørutdanning frå høgskule eller universitet innan bygg eller andre relevant fagområde.
  • Erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing. 
  • God forståing for økonomistyring, kontraktsoppfølging og prosjektgjennomføring.
  • Erfaring frå prosjektering er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape resultat i samhandling med andre.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
  • Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen 
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Stillinga er plassert i HTA kapittel 5.
  • Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
  • Gode barnehagetilbod 
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju 

Kontaktinformasjon

Kjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5188305885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktpersoner
Kjetil Midtgarden Vaagen
Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter