Helsefagarbeidar - Svingen - helgestilling / tilkallingsvikar

Stilling
Helsefagarbeidar -helgestilling fast / Tillkallingsvikar
Lokasjon
Vinje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.
Publisert
I dag
Søknadsfrist
31. des.
Få påminnelse
90 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leiligheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte med ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.

Me har fokus på eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus, og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.

Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.

Helgestillingar med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Tilkallingsvikarar til vekedagar og helger. 


Arbeidsoppgåver

  • Skape gode dagar for den enkelte bebuar, i høve deira ressursar og interesser 
  • Ivareta den enkelte bebuar sine behov i eit livsløpsperspektiv 
  • Målretta miljøarbeid og helseoppfylging hjå bebuarane   
  • Utføre kliniske vurderingar saman med kollegaer, og fortløpande vurdere bebuar sin heilskaplege tilstand 
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande 

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer primært deg med ei helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Minimum Norsk kunnskap nivå B2
  • Førarkort klasse B for manuelt gir

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt 
  • Du er løysingsorientert og tek nye utfordringar 
  • Du skapar gode relasjonar til bebuarar og pårørande
  • Du er påliteleg, fleksibel og strukturert  
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team 
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt  

Me tilbyr

  •  Løn - Fagarbeidar / tilsv. fagarbeidarstillingar kr. 470 800 - 599 300. Stillingar utan særskild krav om utdanning kr. 491 900 - 541 100.
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5175415072
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026

Kontaktpersoner
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter