Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast
Vil du bidra til at eldre menneske kan bu trygt og godt i eigen heim?
Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen.
Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.
Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar.
Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.
Stillinga inngår i årsturnus.
Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av private bustader på Rauland, og bebuarrom på Omsorgssenteret
- Pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarane på Omsorgssenteret
- Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
- Vere ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
- Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlinger, elevar og studentar ved behov
Kvalifikasjonar
- Erfaring med reinhald, pleie- og omsorgsoppgåver
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer
- Førarkort klasse B
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre.
- Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare.
- Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten.
- Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
- Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
- Du trivst med ansvar og tek initiativ.
- Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet.
- Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Lokal løn over KS garantiløn
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Kontaktinformasjon
Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553Arbeidsstad
Setali 63864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5204218751
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 22.11.2026