Barnehageassistent 80 % vikariat

Stilling
Barnehageassistent - 80 % vikariat
Lokasjon
Edland
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
12. okt.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Edland barnehagen søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen.

Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar.
I Edland er naturen rett utanfor døra. Her gjev fjell, skog og vatn fine moglegheiter for leik, utforsking og gode naturopplevingar året rundt.  Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype. 
I barnehagen er me 14 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg.
Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Aktiv deltaking i det pedagogiske arbeidet på avdeling
  • Medansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Arbeide fagleg og utforskande - med barnehagelova og rammeplanen i ryggen
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med erfaring med barn i alderen 1-6 år  
  • Norskferdigheiter jf barnehagelova §27

Personlege eigenskapar

  • Du er ein aktiv og tilstadesverande vaksen som ser kvart barn, lyttar til det barna ønskjer å formidle og møter dei med omsorg, interesse og respekt. Du skaper trygge relasjonar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette 
  • Du er glad i å vera i aktivitet, både inne og ute
  • Du er stabil og påliteleg
  • Du trivst i ein hektisk kvardag
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Ein barnehage der naturen er tett på; skogen, fjellet og nærmiljøet er vår leikeplass
  • Ein kvardag med fokus på leik, opplevingar og utforsking
  • Varierte og spanande utfordringar
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede
  • Løn etter lokal lønstabell
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Anita Stenberg Mandt, Assisterande verksemdsleiar, 47673979, anita.stenberg.mandt@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Storegutvegen 50
3895 Edland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5186142243
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 15.10.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 12.10.2026

Kontaktpersoner
Anita Stenberg Mandt
Assisterande verksemdsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter