Ringevikar

Stilling
Vil du bidra til ein trygg og god kvardag for barna våre?
Lokasjon
Skjold
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
31. des.
Få påminnelse
64 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bli ringevikar i Skjold barnehage!

Me har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø?
Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. 

Kvalifikasjonar:

  • Du har lyst og interesse for å arbeide med barn.
  • Du er personleg eigna for å jobba i barnehage. 
  • Erfaring med å jobba med born er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide med fleire aldersgrupper.
  • Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kolleger.
  • I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk.

Personlege egenskaper vert vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Skjold barnehage har åtte avdelingar, og ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
  • Me har eit aktivt og engasjert personale, med fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter