Spanande jobb med eldre på dagtid
Trivst du å vera saman med menneske og skapa gode opplevingar i kvardagen? Då kan dette vikariatet vera noko for deg! Me søkjer ein medarbeidar i 80 % stilling til dagaktivitetstilbodet vårt frå snarast til og med 31.08.27.
Gjennom aktivitetar, måltid og sosialt fellesskap bidreg me til meistring og livskvalitet for brukarane våre. Dagaktivitetstilbodet er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som kan hjelpa eldre å bu lengst mogleg i eigen heim.
Tilbodet er fordelt på to oppmøtestader:
Ølen omsorgssenter
- Dagtilbod for eldre heimebuande fire dagar per veke.
Vindafjordtunet
- Dagtilbod for personar med demenssvikt fire dagar per veke.
- Dagtilbod for eldre heimebuande to dagar per veke.
Kva får du jobba med hos oss?
- Støtta, veileda og følgja opp brukarane gjennom dagen.
- Skapa tryggleik, trivsel og meiningsfulle dagar for brukerane.
- Planlegga og gjennomføra aktivitetar tilpassa brukerane sine behov og etter funksjonsnivå.
- Tilretteleggja og deltaking i måltid og sosiale aktivitetar.
- Bidra til fysisk og sosial aktivitet gjennom turar, samtalar og ulike aktivitetar.
- Praktiske oppgåver knytt til den daglege drifta av dagaktiviteten.
- Samarbeida med kollegaer om eit trygt og meiningsfullt dagtilbod.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ynskjer at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med helsefagleg utdanning, anna erfaring kan kompensera.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med eldre og/eller personar med kognitiv svikt.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Me søkjer deg som har interesse for aktivitet, meistring og livskvalitet for eldre.
- Du trivst i møte med andre og har lett for å skapa god kontakt med ulike menneske.
- Du er omsorgsfull og har gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her