Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?

Stilling
Helsefagarbeidar korttid/ rehabiliterings avdelinga
Lokasjon
Ølen
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Me søkjer to helsefagarbeidarar i stillingar på 80–100 prosent ved Ølen omsorgssenter på korttid/rehabiliteringsavdelinga.

Hos oss møter du menneske med ulike behov og får bruka både fagkunnskapen og omsorga di. Arbeidsdagane er varierte, og saman med kollegaene dine bidreg du til gode tenester og trygg oppfølging.

Om Ølen omsorgssenter

Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjonen og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med.

På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune.

Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver. Det gir deg som helsepersonell betre høve til å konsentrera deg om dei faglege oppgåvene. Konsulentfunksjonar hjelper mellom anna til med innleige og innkjøp.

Me nyttar pasientvarslingssystem, mellom anna RoomMate, og IKOS-tavler i det daglege arbeidet.

Kva skal du gjera?

  • Bidra til at pasientar og bebuarar får gode og trygge tenester
  • utføra helsefaglege oppgåver som kartlegging, mellom anna med NEWS, CFS, MNA, IPLOS og MMS 
  • Diverse oppfølging, pleieplanar, tiltak og medisinhandtering
  • Rettleia og samarbeida med kollegaer og andre faggrupper
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og til å utvikla tenestene våre

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • God IKT-kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal 
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, me nyttar nynorsk som skriftspråk 

Er du ferdig med fagbrevet i løpet av våren 2027? Då oppmodar me deg òg til å søkja!

Kven ser me etter: 

  • Du ønskjer å gi gode tenester i eldreomsorga og arbeida med menneske med samansette og varierte hjelpebehov
  • Er interessert i faget ditt og ønskjer å halda deg oppdatert
  • Arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Er løysingsorientert og ser etter måtar å forbetra kvardagen for pasientar, bebuarar og kollegaer på
  • Trivst med ein arbeidskvardag som til tider kan vera hektisk
  • Er fleksibel og ser verdien av å samarbeida på tvers av avdelingane
  • Bidreg til eit arbeidsmiljø der alle blir høyrde og respekterte

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kva kan me tilby?

Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver i eit positivt miljø, god opplæring og samarbeid med andre fagpersonar. Du får faglege utfordringar og høve til å utvikla deg. Arbeidsgivar søkjer kompetansemidlar som kan støtta deg i utdanningsløp.

Me har årsturnus og fleire moglegheiter for vaktordning: Du kan ha langvakter i kombinasjon med ordinære vakter, langvakter berre i helg eller berre ordinære vakter.

Me ønskjer å ha det høgt under taket og kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til ideane dine. Det er viktig for oss at du har eit arbeid som motiverer og engasjerer. Me har og desse tilsettgodene: 

  • Frisk treningssenter tilbyr trening til rabattert pris 
  • Moglegheit til å vere med i bedriftskunstlag og kommunekoret KORe’ Vindafjord
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Det blir trekt 2 prosent av løna som innskot til pensjonsordninga

Løn og tillegg

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. I tillegg tilbyr me:

  • 10 000 kr i rekrutteringstillegg
  • 500 kr per utført langvakt over 13 timar på lørdag og søndag 
  • 1 000 kr per utført langvakt dersom du arbeider over 389 helgetimar ved helgearbeid. Dette gjeld ved arbeid med langvakter kvar tredje helg

Andre opplysningar

Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.

Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.

Slik søkjer du

Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Dersom du ikkje har dei elektronisk eller i rett format, må du ta dei med til intervju.

Treng du hjelp til å søkja, kan du kontakta servicetorget på telefon 53 65 65 65. Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt med deg før ei eventuell offentleggjering.

Har du spørsmål om stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt. Du kan òg sjå Facebook-sida vår for å bli betre kjend med oss. Me er i utvikling og ønskjer å høyra frå deg som vil vera med og gjera ein forskjell i eldreomsorga!


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter