Spennande engasjement som familierettleiar
Stilling
Familierettleiar
Lokasjon
Ølen
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Me søkjer no etter dei rette personane til rolla som familierettleiar. Her får DU muligheiten til å jobbe i eit team med brei kompetanse og god erfaring. Stillingane er to midlertidlege vikariat frå snarast og fram til 31.12.27 (med mogligheit til forlenging).
Om familieteamet:
Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste skipa i 2017 eit felles familieteam som yter heilskapelege og spesialiserte tenester etter helselovgivinga til dei familiane som ynskjer det, samd endringstiltak og fosterheimsoppfølging etter barnevernlova. Ein legg vekt på samarbeid med dei andre barne- og familietenestene.
Familieteamet er organisert under eining helse og har arbeidsstad på Rådhuset.
Kva får du jobba med hos oss?
- Klinisk arbeid med foreldrerettleiing og familiesamtalar, samt individuell oppfølging av barn og ungdom.
- Utviklingstøttande og målretta endringsarbeid i familiar på arenaer som lågterskelsaker i helse, tiltaksaker i barnevern og forsterheimsoppfølging.
- Journalføring av arbeid, samt rapportering til barnevernet i tiltakssaker frå barnevernet. Samarbeid med andre instansar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Helse-, barnevern- eller sosialfagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå.
- Andre relevante bachelorutdanningar kan bli vurdert.
- Det er ønskeleg at du har vidareutdanning/etterutdanning i familieterapi, psykisk helsearbeid eller liknande fagområder.
- Det er ein fordel med rettleiingskompetanse.
- Førarkort klasse B.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
Me vektlegg gode kommunikasjonsferdigheter. At ein likar å jobbe med mennesket, å vera ein omsorgsperson og ha gode samarbeidsevner. At du er engasjert og tillitsvekkande. Ein vektlegg også evnen til å vera klartenkt og tydeleg, samt å jobbe i prosess.
- Det er dokumentasjon og journalplikt, så det vil bli lagt vekt på god evne til både skriftleg og muntleg kommunikasjon.
- Ein må kunne jobbe strukturert både sjølvstendig og som eit team.
- God arbeidskapasitet.
I arbeidet i familieteamet møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Turid Askeland
Konstituert einingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.