Vik kommune har ledig 100 % fast stilling som gartnar
Vik kommune har ledig 100 % fast stilling som gartnar. Stillinga er ledig frå snarast.
Om arbeidsstaden
Eining forvaltning og vedlikehald har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygningar, vegar, park/idrettsanlegg og friluftsområde samt kommunen sine vatn, avløp og renovasjonssystem.
Vi har som mål å vera ein trygg, utfordrande og attraktiv arbeidsplass.
Me tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
- Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil vera innanfor planlegging, opparbeiding, drift og vedlikehald av kommunale grøntområde og uteområde.
Deler av haust- og vinterhalvåret må den som vert tilsett rekna med arbeidsoppgåver i dei andre fagområdene innanfor eininga.
Stillinga inngår også i vaktberedskap som teknisk vakt.
Krav til kompetanse
- Krav om fagbrev innanfor faget anleggsgartnar. Anna relevant utdanning eller erfaring kan vega opp for manglande fagbrev.
- Krav om førarkort klasse BE, og ynskjeleg med maskinførarbevis.
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv innstilling og godt humør.
- Du likar å arbeida med menneske og yte service.
- Du er fleksibel med tanke på variasjon i arbeidsoppgåver.
- Du er engasjert i arbeidet og likar utfordringar.
- Du har stor arbeidskapasitet.
- Du er motivert for å arbeida innan offentleg drift og vedlikehald.
- Du er sjølvstendig og tek ansvar.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide med andre.
- Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.
- Du er positiv til kurs/etterutdanning for kompetanseheving.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato (dersom det er naudsynt for stillinga)
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her