Fast stilling i rus- og psykisk helseteneste

Stilling
Stilling i rus- og psykisk helseteneste
Lokasjon
Slidre
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
05. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste  

Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg! 

I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk.  

Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta. 

Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid med kartlegging, vurdering og behandling av enkeltpersonar 
  • Fylle rolla som barne- og ungdomslos med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn 
  • Støtte og rettleiing til barn, unge og familiar i samarbeid med skule, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar 
  • Oppfølging av vaksne personar med psykiske lidingar og/eller utfordringar knytte til rus 
  • Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen 
  • Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt 
  • Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar 
  • Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter 
  • Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya 

Kvalifikasjonar

  • 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant utdanning (t.d. helsefagarbeidar) 
  • Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd. 
  • Førarkort klasse B 
  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt  

Personlege eigenskapar

  • Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ 
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere 
  • Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne 
  • Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper 
  • Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving 
  • Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling 

Vi tilbyr

  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting 
  • Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog
  • Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid 
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar 

    Kontaktinformasjon

    Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.no

    Arbeidsstad

    Slidrevegen 16
    2966 Slidre

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

    Referansenr.: 5198900174
    Stillingsprosent: 80%
    Fast
    Søknadsfrist: 05.11.2026

    Kontaktpersoner
    Melanie Degen
    Tenesteleiar Familie, helse og førebygging
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter