Tannpleiar

Stilling
Tannpleiar
Lokasjon
Ulset
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Åsane tannklinikk har ledig fast deltidsstilling som tannpleiar. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.
Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.


Arbeidsoppgåver

Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:

  • jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
  • utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper
  • halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
  • deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som tannpleiar
  • Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
  • Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først 
  • kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar 
  • er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • arbeider systematisk og planmessig 
  • har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre. 

Vi tilbyr

  • ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • løn etter gjeldande tariff
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no

Arbeidsstad

Åsane Senter 52
5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5202645854
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktpersoner
Martine Aksnes-Aarlie
klinikkleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter