Yrkesfaglærar i akvakultur
Om stillinga
- Arbeidsstad er Bømlo vidaregåande skule, lokasjon Rubbestadneset.
- 100 % fast stilling med tiltredelse snarast.
- Undervisning i programfag på vg1 naturbruk og vg2 akvakultur.
Vil du lære bort akvakultur der teorien blir til praksis, i båt, i akvahall og langs merdkanten? Og vil du vere med frå dag éin når skulen sin eigen akvahall startar produksjon? Då er det deg vi leitar etter.
Om skulen
Bømlo vgs har utdanningstilbod innan naturbruk, teknologi- og industrifag, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering og påbygg. Vi er fordelt på to lokasjonar, Leite og Rubbestadneset.
Skulen har 24 klassar, 412 elevar og 69 tilsette.
Vi har tett samarbeid med fleire lokale næringsaktørar, og ei offisiell samarbeidsavtale med Bremnes Seashore på akvakultur. Det gir elevane våre ei utdanning som ligg tett på det som skjer i næringa. Skulen er i siste innspurt før oppstart av produksjon i eigen akvahall (landbasert anlegg) ved Rubbestadneset.
Arbeidsoppgåver
- Du skal undervise i programfaga på vg2 akvakultur, og ha noko undervisning på vg1 naturbruk. Det meste av undervisninga er praktisk retta.
- Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om utplassering og læreplass til elevane.
- Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
- Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
Opplæringsforskrifta (§12-8) set krav til kven som kan tilsetjast som lærar i programfag på yrkesfaglegeutdanningsprogram. Du må oppfylle eitt avdesse:
- Yrkesfaglærarutdanning
- Universitets- eller høgskuleutdanning på minst 180 studiepoeng, inkludert pedagogisk utdanning
- Faglærarutdanning
- Fag- eller sveinebrev (eller anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring), pluss 2 års yrkesteoretisk utdanning overvidaregåande nivå, pluss 4 årsyrkespraksis etter fullført opplæring, plusspedagogisk utdanning
- Lærarutdanning med minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk
Du treng ikkje vere utdanna lærar for å søke. Har du fagbrev og relevant arbeidserfaring, er du godt på veg. Den pedagogiske utdanninga kan du ta mens du jobbar hos oss.
Det er ønskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring med havbruk og drift av anlegg.
- Kunnskap om landbasert akvakultur og oppdrett.
- Eit eller fleire relevante fagbrev.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for å vere med og utvikle akvakulturutdanninga ved skulen i eit profesjonsfellesskap.
- Du er flink til å skape gode relasjonar med ungdom, og du ser kvar enkelt elev.
- Du tilpassar undervisninga slik at elevane opplever meistring i faget.
- Du har god formidlingsevne og samarbeider godt med andre.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ein skule i utvikling, ei fagutdanning som ligg tett på næringa.
- Eit godt samarbeid med lokalt næringsliv.
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Fleksibel arbeidsplass der du kan vere like mykje ute i naturen og på sjøen som inne i eit klasserom.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Søknadsfrist: 4. desember 2026