Vegvaktar
Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Om seksjonen: Vegdrift nord har 4 driftskontrakter, DK 4607 Sunnfjord sør, DK 4608 Sogn, DK 4609 Sunnfjord nord og DK 4610 Nordfjord. Vi har og ei vedlikehaldsavdeling med 3 rammekontrakter fordelt på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei utfører mindre vedlikehaldsprosjekt.
DK 4610 Nordfjord er ei byggherrestyrt driftskontrakt som har 3 vegvaktara fordelt på 3 områder, ytre, midtre og indre. Vi søkjer etter ein vikar i ytre Nordfjord i eitt 15 mnd. vikariat. Arbeidsstad for stillinga er Nordfjordeid, men vi legg opp til at vegvaktar startar jobbdagen frå heimstaden.
Arbeidsoppgåver
- Inspeksjon av alle objekt på vegnettet.
- Registrering av behov.
- Registrering og utbetring av avvik.
- Registrering og utbetring av skadesaker.
- Følgje opp tilleggsarbeid og arbeid etter hendingar.
- Ansvar for utføring av mindre kontraktsarbeid.
- Delta i vaktordning på kontrakt.
- Utføre driftsoppgåver i kontraktsområde 4610 Nordfjord
Du vil jobbe tett med byggeleiar på prosjekta, og samarbeide med andre kollegaer på seksjonen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev eller teknisk fagskule er ynskjeleg, men med lang og relevant erfaring kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. BE. Du må også ha god kompetanse i å nytte digitale verktøy.
Personlege eigenskapar
Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi har høge krav til dokumentasjon og skal du lukkast med oppgåvene i denne stillinga må du kunne arbeide systematisk og med god kvalitet på dine leveransar.
Vi tilbyr
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling.
Du vil ha ei fleksibel arbeidstid i stillinga, men du må kunne pårekne periodar med forskuven arbeidstid.
I tillegg får du mellom anna:
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- tilgang på tenestebil.