Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes

Stilling
Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. nov.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Arbeidsoppgåver

Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan dei Grøne og gastronomiske utdanningane våre ved Studiestad Hjeltnes?

Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av landets største fagskular.
Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse
Avdelinga held til i tradisjonsrike lokalar i Ulvik der det har vore skuledrift i meir enn 100 år. Avdelinga er i god vekst og har utvikla studiar som er verdsleiande innan sine fagfelt.
Stillinga inneheld ein 50% stilling som utdanningsleiar og 50 % stilling undervisning innan aktuelle fagområde . Aktuelle fag kan vere Pommelier, Frukt og bær, Lokal matkultur og Arborist.

Utdanningsleiar inngår rektor si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland og Vestland fylkeskommune. Stillinga rapporterer til Prorektor utdanning og samhandling.

Arbeidsoppgåver

Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for Fagskulen Vestland
utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet
Videreutvikle ein god KS kultur ved eininga- delta på ulike revisjonar
Sikre eit trygt og godt læringsmiljø og god medverknad frå studentane
Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
Delta aktivit i leiargruppa og bidra til at vi vert eit samla og effektivt team
Leie strategi- og utviklingsprosessar
Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
Personalleiing
Videreutvikle kontakt med næringsaktørane innan dei maritime faga
Legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
Økonomistyring

Vi ser etter deg som kan og har

  • har gode leiareigenskapar og relevant høgare utdanning for stillinga. . Leiarerfaring frå utdanningsinstitusjoner vil bli vektlagt
  • set studentane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som søkjer vidare utvikling
  • vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
  • har god kjennskap til utdanningsområda og relevant erfaring frå arbeidslivet knytt til fagområdet er ein føremon
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon innan fagområda
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører Fagskulestyret, politiske og administrative vedtak
  • har erfaring frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • forståing for god økonomistyringhar gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande

Vi tilbyr

Fagskulen Vestland legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom Prorektor og utdanningsleiar. Du vil få:

  • eit givande arbeid med studentar ved Fagskulen Vestland i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, sjår kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektor sin leiargruppe
  • løn etter avtale
  • Moglegheit for etter og vidareutdanning
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter