Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland

Stilling
Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.
Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilviste frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har ti moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi om lag 50 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.

TkVestland søkjer no ein spesialist i oral kirurgi og oral medisin til eit 50 % vikariat fram til 31. august 2027.

Arbeidsoppgåver

Som spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilviste for vurdering, diagnostikk og behandling av orale medisinske tilstandar samt kirurgiske problemstillingar. Mange av desse pasientane har behov for tverrfagleg vurdering og behandling i samarbeid med andre tannlegespesialistar, og du vil ha ei sentral rolle i koordinering og gjennomføring av dette arbeidet.
Arbeidsoppgåvene omfattar òg deltaking i utadretta verksemd, som kurs, fagformidling og andre kompetansehevande tiltak. Dette kan til dømes vere rettleiing og rådgjeving til kollegaer i tannhelsetenesta, med mål om å styrkje fagleg utvikling og kvalitet i behandlingstilbodet. Tannbehandling i narkose kan verte aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral kirurgi
  • Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som oral kirurgi
  • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.

Vi ser etter deg som:

  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving.
  • Møter pasienter med respekt og omsorg.
  • Kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet.
  • Er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre.
  • Handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik.

Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat. Søknaden må innehalde referansar og relevante attestar.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø.
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Marita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadveien 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5181793858
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 08.10.2026

Kontaktpersoner
Marita Bjørkelund
Fung. klinikkleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter