Rådgjevar/spesialkonsulent -  idrett og anlegg - Bergen

Stilling
Rådgjevar/spesialkonsulent - idrett og anlegg
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. okt.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland. 

Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd.

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss.  Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og sertiftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde.

Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen. 


Arbeidsoppgåver

  • strategisk utvikling av fylkeskommunen sitt arbeid med idrett og fysisk aktivitet
  • bidra til å understøtte og samordne Vestland fylkeskommune sin politikk for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og anlegg.
  • oppfølging av kommunale og fylkeskommunale planar
  • utarbeide kunnskapsoversikt og drive informasjonsarbeid innan fagfeltet
  • utvikling av kunnskapsgrunnlag og temaplan for fysisk aktivitet og anlegg
  • vidareføre og styrke arbeidet med ei berekraftig anleggs- og aktivitetsutvikling i Vestland.
  • forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til regionale samarbeidspartnarar (kommunar, organisasjonar og institusjonar).
  • ei hovudoppgåve er å behandle søknader om spelemidlar om anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå idrettslag, foreiningar og kommunar
  • oppfølging av søkjarar om tildelte midlar, utvikling av anleggsprosjekt og avslutning av rekneskap
  • rettleiing av søkjarar og kommunar om spelemiddelordninga og anleggsutvikling
  • prosjektleiing innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og anlegg
  • planlegge og gjennomføre kurs og kompetanseheving innan feltet
  • samarbeide med frivillige organisasjonar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelorgradnivå 
  • Kjennskap til fagområdet og erfaring med plan- og utviklingsarbeid
  • Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
  • God økonomiforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
  • Du er systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
  • Du har gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk
  • Du har evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar
  • Du har evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
  • Du har stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringer og livsfaser
  • ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Hanne Marthe Espe, leiar, 99769453, Hanne.Marthe.Espe@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5192395090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter