Lærar i realfag

Stilling
Lærar i realfag
Lokasjon
Nesttun
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. nov.
Få påminnelse
11 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.
På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial. Ønskelig oppstart er 04.januar.

 


Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk og naturfag for yrkesfagelever.

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar.
  • Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel.
  • Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.
  • God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga.
  • Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø.
  • Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og tydeleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skape gode relasjonar
  • Trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • Erfaring med bruk av varierte undervisnings- og vurderingsformer
  • Evne til å samarbeide, vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner
  • Utviklingsorientert
  • Vere ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen

Vi tilbyr

  • Ein moderne skule med eit aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest

Kontaktinformasjon

Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, +47 45043522

Arbeidsstad

Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5209685567
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 27.11.2026

Kontaktpersoner
Ingvill Rabben Dypevik
Rektor
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter