Klinikkleiar
Er du vår nye klinikkleiar i Norheimsund/Odda klinikkområde?
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.
God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter ein klinikkleiar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing.
Her får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.
Norheimsund/Odda klinikkområde består av klinikkane Norheimsund , Odda og Lofthus tannklinikk. Lofthus tannklinikk er ein ambuleringsklinikk som betjenast av personell frå Odda.
Norheimsund og Odda tannklinikk er begge to mellomstore klinikkar.
Norheimsund: 3 tannlegar, 3 tannpleiarar og 3 sekretærar, og Odda: 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 sekretærar. Tilsammen 17 tilsette
Per i dag er kontorplass for klinikkleder i hovedsak i Norheimsund , men kan og være lokalisert i Odda.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for personalleiing av 17 tilsette, inkludert kompetanseutvikling, medarbeideroppfølging og
rekruttering. - Byggje og vidareutvikle trygge og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
- Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigne klinikkar
- Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
- Sikre at klinikkane tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
Som klinikkleiar vil du vere ein aktiv deltakar i områdeleiar si leiargruppe og bidra i strategiske utviklingsprosessar for tannhelseområdet i Vestland fylkeskommune
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande
- erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du har:
- utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
- erfaring frå offentlege helsetenester
- erfaring med endring- og omstillingsprosessa
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
- evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
- byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
- tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
- er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
- byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Vi tilbyr
- ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
- deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
- eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
- løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga
Kontaktinformasjon
Linda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Gamle Dalavegen 155600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5205673300
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026