Faglærer i helse- og oppvekstfag

Stilling
Faglærer i helse- og oppvekstfag
Lokasjon
Bremnes
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
6 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bømlo vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 70 tilsette fordelt på lokasjon Rubbestadneset og lokasjon Leite. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk og Helse- og oppvekstfag.

Ved skulen er det ledig 100% fast stilling.

Vestland fylkeskommune har som ambisjon og målsetting at alle elevar som tek til i vidaregåande skule skal fullføre, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.
Bømlo vidaregåande skule er ein viktig aktør i lokalsamfunnet og har eit tett samarbeid med næringslivet.

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.
100 % fast stilling med undervisning i programområde helse- og oppvekst.
Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg1/Vg2/Vg3-nivå.

Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

Kvalifikasjonar

Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eittav desse krava:

a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.

e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.

Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

Det er ynskjeleg med:
  • Undervisningserfaring.

  • Undervisningskompetanse i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget.

  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

  • Sertifikat B

Personlege eigenskapar

  • Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
  • Du har god pedagogisk forståing.
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter