Driftsoperatør

Stilling
Driftsoperatør
Lokasjon
Sandsli
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Sandsli vgs. Sandsli videregående skole ligg sentralt på Sandsli i Bergen og har om lag 700 elevar og kandidatar, inkludert vaksenopplæring, samt rundt 80 tilsette. Skolen arbeider aktivt for å vere ein open møteplass for både elevar og nærmiljø. Sandsli-området er i sterk vekst, med stor tilflytting og venta betydeleg folkeauke i åra som kjem. Skoleanlegget omfattar om lag 8 600 kvadratmeter bygningsmasse og 11 000 kvadratmeter uteareal. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.

Den som vert tilsett vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.

Det er krav om godkjent politiattest.


Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
  • Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
  • Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
  • Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
  • Vera eigedom sin brannvernleiar, opplæring vil bli gitt
  • Andre oppgåver knytt til drifta

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant handverksbakgrunn
  • Lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for fagbrev
  • Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
  • Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen og skulen
  • God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy for FDV og systematisk vedlikehald
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Organisering av eigen arbeidskvardag
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Men van Nguyen, områdeleiar, 93230556

Arbeidsstad

Sandslimarka 51
5254 Sandsli

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5208940434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026

Kontaktpersoner
Men van Nguyen
områdeleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter