Rådgjevar/kontraktsforvaltar

Stilling
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
26 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med. 

Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.


Arbeidsoppgåver

Som kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane.

Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane.

Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt.

I tillegg er ein fordel om du kan vise til:

  • Erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar
  • God forståing for, eller sterk interesse for, digitalisering og rapportbygging

Som person vil vi at du

  • har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • er open, fleksibel og engasjert, og aktivt deler og utviklar kunnskapen din saman med andre
  • har evne til å møte krevjande situasjonar med pågangsmot, og at du kan stå stødig i hektiske periodar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland!

Vi tilbyr:

  • Ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert og hyggeleg arbeidsmiljø med brei og variert fagbakgrunn
  • Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor etter avtale
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar:

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ørjan Kvandal, konst.gruppeleiar Operatør og drift, 47647266
Kjetil Kristiansen, konst.leiar avdeling Operasjon, 93655208

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5196131637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktpersoner
Kjetil Kristiansen
konst.leiar avdeling Operasjon
Ørjan Kvandal
konst.gruppeleiar Operatør og drift
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter