Rådgjevar/Spesialkonsulent
Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?
Vi søkjer deg som er systematisk, analytisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet. Vestland fylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring, motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid.
Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 40 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette.
Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåande opplæring, har ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor. Seksjonen har ansvar for eksamen, fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.
Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som rådgjevar/spesialkonsulent ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering.
Stillinga er knytt til forvaltningsfeltet, arbeid med fag- og yrkesopplæringa.
Kontorstad Bergen
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til forvaltningsfeltet fag- og yrkesopplæringa
- Arbeid med statistikk og fagsystem
- Sakshandsaming
- Samhandling og kommunikasjon med andre seksjonar, rettleiingstenesta, lærebedrifter og samarbeidsorgan
- Bidra til rutineutvikling og informasjonsarbeid
- Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor eller masternivå, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Kjennskap til opplæringslova og forskrifter for vidaregåande opplæring med særleg vekt på fag- og yrkesopplæring.
- Kjennskap til sakshandsamingssystem som Vigo og Elements er positivt
- Analytisk kompetanse og bruk av Excel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tenestemålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
- Analytisk og viser god systemforståing
- Er god på samhandling, er inkluderande og byggjer gode relasjonar
- Utviklingsorientert
- Serviceinnstilt
- Engasjert og har evne til å motivere
- Sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennande og breitt fagleg godt arbeidsfellesskap
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsfellesskap.
- Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
- Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde, Leikanger og på Stord.
Kontaktinformasjon
Hege Bugge Gjerdevik Osebakken, Fagleiar med personalansvar, 92816296, hege.bugge.gjerdevik.osebakken@vlfk.noØivind Høines, seksjonssjef, 99005647
Arbeidsstad
Lars Hillesgate 21Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5202587545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026