Vest-Telemark vgs studiespesialiserande, Telemark Fylkeskommune

Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar. Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar. Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse,  kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell  der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter