Er du fagarbeidar med sans for logistikk og kvalitet?

Stilling
Fagarbeider logistikk
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
10. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og sikre god pasientbehandling gjennom smart og effektiv logistikk?

Ved Forsyningseininga søkjer vi no ein fagleg engasjert, serviceinnstilt og lærevillig fagarbeidar innan logistikk. Hos oss får du ein aktiv og variert arbeidskvardag med ei viktig rolle i drifta av sjukehuset.

Forsyningseininga har ansvar for logistikk og forsyning av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av kvar einaste dag. Vi tek imot varer, følgjer opp bestillingar og sørgjer for at avdelingane har det dei treng for å kunne gi god behandling til pasientane. Logistikken vår er ein viktig del av sjukehuskvardagen, og dei siste åra har ansvarsområdet vårt blitt både meir synleg og meir sentralt.
Hos oss får du jobbe tett på vareflyten og vere ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi er ein inkluderande og driftig gjeng som verdset samarbeid, initiativ og nye idéar.

Arbeidsdagen er på dagtid frå måndag til fredag. Du vil vere i rørsle gjennom store delar av dagen og ha kontakt med mange ulike avdelingar. Difor trivst du med ein aktiv arbeidskvardag, likar å ta ansvar og ser verdien av orden og system. For å lukkast i rolla er det viktig at du har god digital forståing, er lærevillig og ser samanhengen mellom godt logistikkarbeid og god pasientbehandling. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til utvikling, som er open for endringar og som har lyst til å vere med på å gjere ein forskjell kvar dag.

👋 Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

  • Varemottak og registrering av vareleveransar til både sentrallageret og til avdelingar.
  • Skanning, planlegging og plukk av varer til avdelingar.
  • Få opplæring og kunnskap innan lagerbygging.
  • Kunnskap om vareflyt og forsyningskjede.
  • Sørge for orden og vedlikehald på våre eigne lagerområde samt lager på avdelingane.
  • Vere deltakande i og aktiv i forbetringar.
  • Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
  • Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane på sjukehuset.
  • Vareleveranser til eksterne lokasjonar tilknytte Haugesund sjukehus.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Me ønskjer primært kandidatar med fagbrev innan logistikk.
  • Søkjarar med fagbrev i servicefag eller helsefag kan vurderast.
  • Erfaring med logistiske dataverktøy, ønskjeleg med kjennskap til SAP.
  • Førarkort kl. B. Manuelt gir, helst.
  • Gode norskkunnskapar muntlig og skriftlig. Gjerne kunne kommunisere på engelsk.

I tillegg vil det vera positivt dersom du har:

  • God forståing innan hygiene og fokus på dette i det daglege arbeidet.
  • God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Kan vere både frå privat og offentleg sektor.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • opptrer lojalt i temaet og er til stades for dine kollegaer.
  • er engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst, og møter arbeidsdagen med ein «ja-mentalitet».
  • er ein positiv og serviceinnstilt kollega med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • jobbar strukturert, tek initiativ og er lærevillig, med gode haldningar til endringsarbeid og utvikling.
  • er i god fysisk form og eigna til praktisk arbeid.
  • har låg terskel for å spørre om bistand og spør fordi du ynskjer å lera.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit unikt kollegateam med dyktige kollegaer.
  • Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
  • God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen.
  • Inkluderande miljø der ein ønskjer å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag.
  • Blir ein del av ei samfunnskritisk verksemd og ein jobb med meining!

Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Natalia Soto, Avdelingsleiar logistikk HFO, 40613860

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5201945368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026

Kontaktpersoner
Natalia Soto
Avdelingsleiar logistikk HFO
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter