Fagleiar for teknisk sektor
Fagleiar teknisk vil bli ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og skal følgje opp politiske og administrative vedtak. Som fagleiar får du det overordna fagleg ansvaret som ligg til teknisk sektor
Teknisk sektor har totalansvar for områda veg, VAR, vedlikehald, arealplanlegging, landbruk/vilt, miljø, kart, oppmåling, prosjektering, byggjesakshandsaming og brann- og beredskap.
Som fagleiar teknisk vil du få høve til å vere med på leiing og gjennomføring av store og spennande prosjekt. Per i dag arbeider kommunen mellom anna med nytt skulebygg ved Fiskå skule samt mottak av tunnelmasse frå Stad skipstunnel. Stad skipstunnel vil skape stor utvikling av områda rundt, og for Vanylven vil det skape ringverknadar og nye spennande moglegheiter for kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å førebu, følgje opp og setje i verk politiske vedtak
- Sakshandsaming og driftsoppgåver i sektoren, mellom anna koordinering av utlysing av investeringsprosjekt
- Leie arbeidet med å koordinere arbeidsprosessane og utvikle dei tilsette i sektoren, både administrative og operative
- Sikre at sektoren og organisasjonen som heilskap leverer gode tenester og når måla sine
- Sikre samarbeid på tvers av sektorane og med brukarane av tenestene
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
- Leiarerfaring frå offentleg sektor med økonomi- og personalansvar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg med
- Erfaring frå kommunal sakshandsaming
- VA-kompetanse
- Erfaring frå prosjektarbeid
Personlege eigenskapar
- God samfunnsforståing og kjennskap til politiske prosessar
- God fagleg forståing, sjølvstendig og systematisk
- Trygg, open og inkluderande som leiar
- Gode samarbeids- og relasjonsevner
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagd.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med moglegheit for samfunnspåverknad
- Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Nedbetaling av studielån (dersom du blir folkeregistrert i Vanylven eller ein kommune med slik ordning)
- Tilsetjing etter gjeldande lover og reglement
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 36143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5204168003
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026