Barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule
Stilling
Barne-og ungdomsarbeidar ved Dale skule
Lokasjon
Dalekvam
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du jobba hos oss på Dale skule?
Det er ledig inntil 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule, frå 04.01.2027 til 18.06.2027.
Stillinga er knytt til barnesteget ved skulen og SFO.
Dale skule er ein 1-10 skule, med 215 elevar. Elevane på barnesteget er frå Dale og Bergsdalen. Elevane på ungdomssteget kjem frå skulane på Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale.
Vi er særleg interesserte i tilsette som ønsker å bidra til å utvikle SFO som arenaer for barna si utvikling, og som bygger praksisen sin på grunnleggande verdiar i grunnskulen.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkarar med anna relevant kompetanse/erfaring kan ved behov bli vurdert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Støtte elevar i læring, leik og sosial utvikling gjennom skuledagen og på SFO
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt lærings- og oppvekstmiljø
- Følge opp elevar med behov for ekstra støtte, i samarbeid med andre tilsette
- Opne og stenge SFO etter gjeldande rutinar
- Ta initiativ til og gjennomføre varierte aktivitetar både ute og inne
- Følge opp barna og bidra til gode rutinar gjennom SFO-dagen
- Utføre avtalte oppgåver på ein sjølvstendig og ansvarleg måte
Personlege eigenskapar
- Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
- Du liker å vere i aktivitet saman med barn
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
- Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa
- Du er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søka.
Vaksdal kommune tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktpersoner
Malin Sæterdal
Rektor Dale skule
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.