Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL

Stilling
Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Åremål
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Vitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk

Velkomen som søkjar til ei mellombels 40% stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 01.11.2026-31.12.2027. Oppstart i stillinga er 01.11.2026 eller etter avtale.


Om instituttet

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 13 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.


Om prosjektet

Prosjektet NONMANUAL studerer ansiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til Vadim Kimmelman, 2023-2027. 

Meir informasjon om prosjektet her: https://www.uib.no/nonmanual 


Arbeidsoppgåver

  • Skriving av programmer i Python for å teste og kalibrere datamaskinsyn (Computer Vision) løysningar for analyse av teiknspråk, særleg for analyse av hovudbevegelsar og augebrynbevegelsar.
  • Læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.
  • Datakurering og prosessering for videoar og andre typar data.
  • Skriving av andre programmer for tekniske oppgåver i prosjektet.
  • Studering av litteratur om relevante tema.
  • Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver.
  • Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Du må ha BA i datafag, maskinlæring eller anna relevant fagområdet.
  • Du må ha gode kunnskapar i Python.
  • Gode kunnskapar i maskinlæring/dyplæring er ein stor føremon. 
  • Arbeidserfaring relatert til oppgåvene i stillinga, som testing og kalibrering av CV, læring av modellar, datakurering særleg for teiknspråkvideodata, er ein føremon.
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, sidan prosjektet er internasjonalt.
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
  • Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Løn som vitskapleg assistent, som for tida svarar til ei brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 470 200 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.

Slik søkjer du stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden må innehalda:

  • Ein kort presentasjon av dine forskingsinteresser, kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og diplomar frå universitet/høgskular og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
  • Relevante stadfestingar og attestar.

Søknad, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Vadim Kimmelman på telefon: +4790248771, eller e-post: vadim.kimmelman@uib.no  eller instituttleiar Anders Fagerjord på telefon: +47 55583653,eller e-post: anders.fagerjord@uib.no.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no .

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Anders Fagerjord
Instituttleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter