Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til gigaCCS, eit senter for miljøvenleg energiforsking finansiert av Noregs forskingsråd.
Om prosjektet
Den som vert tilsett, skal delta i utviklinga av modellerings- og simuleringsverktøy for lagring av CO₂ i gigaskala. Konkret vil dette ph.d.-prosjektet undersøkje korleis makrodispersjon påverkar effektiviteten til storskala lagringsoperasjonar. Arbeidet kan omfatte matematiske tema som oppskalering, diskretiseringsmetodar og numerisk analyse. Det kan òg omfatte utforming og implementering av numeriske metodar i samanheng med moderne programvare med open kjeldekode for vitskaplege utrekningar. Dei utvikla metodane vil verte testa på oppsett som er relevante for lagringsformasjonar i Nordsjøen
Om gigaCCS og Matematisk institutt ved UiB
gigaCCS er eit norsk forskingssenter som arbeider med storskala karbonfangst og lagring av CO₂ i undergrunnen. Senteret vert leia av SINTEF Energi og omfattar nær 40 partnarar frå næringsliv, forskingsinstitutt og akademia. Den som vert tilsett, skal bidra til forskingsaktivitetane i gigaCCS-senteret, særleg i arbeidspakke 3.1 – «Regional oppskalering av lagring».
Denne ph.d.-stillinga er knytt til forskingsgruppa for porøse medium ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen. Gruppa består av fem fast vitskapleg tilsette, tre faste forskarar og har vanlegvis om lag ti ph.d.-kandidatar. Det primære forskingsområdet til gruppa er numeriske og utrekningsbaserte metodar for prosessar knytte til porøse materiale, med særleg vekt på geologiske bruksområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvend og berekningsorientert matematikk, berekningsvitskap (scientific computing), berekningsfysikk eller berekningsgeovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.03.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring med partielle differensiallikningar og tilhøyrande diskretiseringsmetodar er eit krav
- Erfaring med matematikk knytt til straumingsprosessar i porøse medium er eit krav
- Erfaring med software utvikling for berekningsorientert vitskap er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700.brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- ei kopi av masteroppgåva di, eller (om oppgåva ikkje er levert enda) eit utkast av oppgåva
- kopi av masteroppgåva. Dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ein foreløpig versjon av oppgåva.
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: forskar Eirik Keilegavlen ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen på Eirik.Keilegavlen@uib.no eller til professor Jan Martin Nordbotten ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen på Jan.Nordbotten@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5